Bobil, telt og campingvogn

På campingplassen har vi 5 opparbeide platå til både bobil, telt og campingvogner. Fire av platåa har tilgang til straum. Her er det fritt val av plass, så ein parkerar nett der ein vil. På sanitæranlegget har vi våre fellesbad, kjøkkenfasilitetar og vaskerom. Kjøkkenet er utstyrt med steikeovn, litt kokeutstyr, kaffitraktar og tekokar. Anna kjøkkenutstyr kan lånast frå kroa. På vaskerommet har vi ei vaskemaskin og ein tørketrommel, og i resepsjonen får ein kjøpt polettar til desse. Alle dusjane våre er utstyrt med dusjautomatar som tar 10-kroningar. Dette er mogleg å skaffe i resepsjonen.