Hytter

Hytter med eige bad og fullt utstyrt kjøkken

Hytte 1
Hytte 2
Hytte 3
Hytte 11

Hytter med felles bad og kjøkkenfasilitetar

Hytte 5
Små hytter
Hytte 9

Utstyr til hytter:

I resepsjonen og på kroa kan ein leige sengetøy og handkle til hyttene. Dette kostar 70,- kroner for sengetøy og 20,- kroner for handkle. Dette er levert av Mona vekst og er av hotellstandard. På same plass lånast utstyr til hyttene ut, slik som tallerkar, bestikk og glas. Om det skulle vere noko anna utstyr de skulle trenge, gjer vi vårt beste for å hjelpe deg.

Vask:

På Viking Camping er vask inkludert i hytteprisen. Dette då vi ønsker å halde høg standard på reinhaldet og tilby alle våre gjester eit godt opphald. Likevel ber vi om at alle gjester etterlet hyttene i god stand, og at oppvask er reingjort og søppel fjerna. Ved eventuelle skadar på hytta eller gjenstandar, ber vi om at dette blir rapportert til vertskapet slik at vi kan få ordna det.

Miljøstasjon:

Ved det brune sanitæranlegget og nedanfor resepsjonen/kroa finn du campingens miljøstasjonar. Campingen har også sin eigen tømmestasjon for campingvogner og bobilar, som også er å finne nedanfor resepsjonen/kroa. Tilgjengeleg er også slange for påfyll av drikkevatn, levert av Innvik Vassverk.

Husdyr i hytte:

Det er tillate med husdyr i alle våre hytter, men med forbehald om at regelverket vårt for dette blir oppretthaldt. For å sikre alle gjesters glede av hyttene, er det ikkje lov med husdyr i møblementet til hyttene. Dette for å forhindre møblar fulle av dyrehår. Brot på dette vil føre til bot på 1000,- kroner.

Anna regelverk:

  • Det er stilletid ved campingen frå kl. 23:00 til 07:00. I dette tidspunktet skal det vere stilt og fredeleg på campingen.
  • Utsjekk gjeld fram til 12:00. Ved ønske om sein utsjekk, avtal dette med resepsjonen.
  • Det er ikkje lovleg med elbil-lading frå våre hytter eller strømstasjonar på campingen. Dette då vårt elektriske anlegg ikkje er laga for bil-lading og difor ikkje tåler dette. Brot på dette vil medføre bot på 1000,- kroner.