I nærområdet

Briksdalsbreen ligg 41 km frå campingplassen. Turistattraksjonen Loen Skylift, Via Ferrata og Skålatårnet ligg om lag 22 km frå oss. Kommunesenteret Stryn er ein 30 minutters køyretur unna, der ein finn både kjøpesenter, restaurantar og eit utval aktivitetar for heile familien, som blant anna den nyopna klatreparken Hydla. Geiranger er omtrent ein to-timers køyretur frå Innvik. I sentrum av Innvik finn ein klesbutikken Skogstad, i tillegg til Café Gobeten og nærbutikken Matkroken. Matbutikken har opningstidene 09:00-20:00 i vekedagane, laurdag 09:00-18:00 og søndagsope sommarsesongen frå 13:00-18:00.

Frå campingplassen kan ein gå på fleire flotte fjellturar, både små og lange. Nokre turområder startar også sine stiar frå toppen av campingplassen. Vi har også ei privat badestrand like nedanfor oss.