Resepsjon og kro/servering

Resepsjon og kro/servering er i same bygning, omtrent 50 meter frå inngongen på campingen. Opningstidene til resepsjonen varierar i henhold til sesongen. Vi bur på campingplassen og når resepsjonen er stengt, kan du ringe oss på tel. (0047) 960 15 735/ 948 74 540.

Kroa har ope helgene i mai og fram til skuleslutt, kvar dag gjennom somarferien, og igjen i helgene ut september.

I resepsjonen/kro kan man sjekke inn/ut, bestille campingplass eller hytte og få hjelp til det meste. Vi selge brus, kaffi/te og is. I tillegg serverer vi mat og har skjenkebevilling. Vi har også ein del turistinformasjon frå området.

Vår spesialitet er vikingpizza (pizza m/ heimelaga kjøttdeigfyll) og biffsnadder med heimelaga kryddersmør. Vidare har vi eit godt utval av pizza, hamburger og mange fleire rettar. Til barn har vi barnemeny med pommes frites/konglepoteter og kyllingsnuggets, hamburger og 30 cm pizza til dei litt eldre.

Uteplassen er solrik med utsikt over Innvikfjorden og fjella rundt. Er det ikkje veir til å sitte ute, har vi eit innandørslokale. Uteplassen og innandørslokalet er tilgjengelig for alle. Innandørs finn ein også vårt fellesareale med tilgong til tv.

Våre opningstider i resepsjon og kro:

  • Fredag 18:00-22:00
  • Laurdag 16:00-22:00
  • Søndag 16:00-20:00