Sanitæranlegg

I midten av campingplassen, i det brune bygget, er campingens sanitæranlegg. Der finn de fire nye og moderne bad med toalett og dusj, to på kvar langside av bygget. På dusjane må ein benytte 10- kroningar for varmtvatn, og kvar vare i 5 minutt. Dette kan skaffast i resepsjonen. På familiebadet på framsida av bygget har vi også ein sauna til din disposisjon, fri for kostnad. Det einaste som trengst å gjerast, er å koble til straumledningen og velje ønska innstilling.

På byggets eine kortside finnast eit felleskjøkken og eit vaskerom. Felleskjøkkenet er utstyrt med ein steikeomn med fire koketoppar, og av utstyr finn ein kasserollar og steikepanner, forskjellig kjøkkenreiskapar, ei kaffimaskin og ein tekokar. Ytterlegare utstyr, slik som tallerkar, bestikk og glas, lånast frå resepsjonsbygget. Vi set pris på at alle gjester som nytte dette utstyret, reingjer det, slik at også neste gjest kan ha gleden av å bruke det. På vaskerommet står campingens vaskemaskin og tørketrommel. Desse går på polettar som kan kjøpast frå resepsjonen, til 40,- kroner per polett. Vaskepulver følgje ikkje med, men kan kjøpast frå bygdas nærbutikk, Matkroken.